Virus muterer heile tida. Men nå brukes dette velkjende fenomenet til fortsatt nedstengning.

Mutert virus skapar panikk i norske kommunar

I dag blir det meldt om stor nedgang i «smittetilfelle» her i landet, når det gjeld koronaviruset. Talet på innlagte på sjukehus og talet på døde ligg og på eit lågt nivå. Likevel tyr mange kommunar til drastisk nedstenging.

Kva er det som skjer?

Situasjonen skulle vel no tilseie at ulike lokalsamfunn kunne senke skuldrane og leve eit nokolunde normalt liv?

Så. Kvifor manar Solbergregimet og helsestyresmaktene, særleg Helsedirektoratet, til dei strengaste tiltaka dei har heimel til?

Kan det vere World Economic Forum (WEF) sin agenda dei på død og liv lyt følgje?

Men for å verke truverdige må dei ha noko å slå i bordet med, og her kjem mutasjonsvirusa som manna frå himmelen. Den engelske varianten skal visst vere 75% meir smittsam, må vite. Seinare har ekspertar slått fast at det kanskje var berre 40%. Det aller siste talet er no 36%.

I starten fekk vi vite at dette viruset var mildare enn det opprinnelege, før Boris Johnson (statsministeren i UK) stod fram med stram maske og kunne fortelje at variantviruset var mykje meir dødeleg. Så her er det om å gjere å ikkje gi slepp på panikken styresmaktene i mest heile verda har klart å skape.

Så no blir vi pepra kvar dag på alle nyheitssendingar i NRK og TV2, men også i avisene, med at vi blir råka av den engelske varianten. Og ikkje berre dét. No har ein sør-afrikansk variant dukka opp og. Og snart kjem nok den brasilianske styggedommen.

Det er mogleg eg ikkje har følgd godt nok med, men eg har ikkje høyrt om dødsfall på grunn av desse nye variantane. No vil heilt sikkert mange innvende at grunnen til dei låge dødstala er jo nettopp dei strenge tiltaka. Men er det slik?

De fleste smitta er ikkje syke.

Kvifor får vi ikkje høyre kva som skjer med dei engelsksmitta? Kor sjuke er dei? Kor mange må nytte respirator?

Hadde mange av dei vore skikkeleg sjuke og mange på intesivbehandling, hadde vi garantert fått høyre det 24 timar i døgeret. Sannsynlegvis ville det komme fleire ekstra sendingar på NRK og TV2 om elendet.

I mangel på norske likkister og respiratorpasientar, må dei ty til nokre land i Europa. Først England, så Portugal.

Og ikkje nokon av reporterane problematiserer om kvifor det er så store ulikheiter mellom landa. Ingen tar opp om graden av privatisering kan ha noko å seie, eller antibiotikaresistens.

I Afrika har det vore ein forbausande mild epidemi, som forbausar ekspertane. Kva kan årsakene til dette kan vere?

I det siste har vi høyrt mykje om ein dissident i Russland og demonstrasjonane mot fengslinga av han. Men mainstream-media (MSM) nemner knapt noko om massedemonstrasjonar i dei fleste land i Europa.

The Great Reset er starta no.

Stakkars oss.

Skrevet av Gunnar Sortland

Innlegg lånt fra derimot.no


Takk for at du leste 🙂

Hvis du likte denne artikkelen, kunne du lagt igjen et bidrag som hjelper Liber Lysing med å utvikle seg?


Astrid Stuckelberger | Global Corruption | Planet Lockdown

Dette intervjuet med WHO-varsleren Astrid Stuckelberger gir innsikt i organisasjonens indre arbeid. Hun jobbet med de internasjonale helseforskriftene i flere land som inngår i lovgivningen om hvordan pandemien ble erklært over hele verden. Lytt til hennes perspektiv på hvordan handlingene til WHO bryter med deres egne regler.…

World wide freedom rally Oslo 15 Mai 2021

Bli med på Taler, sang, intervjuv og stemningsglimt fra freedom rally i Oslo 15 Mai 2021. Fra Stortinget, Grunerløkka og Grønland i Oslo. Denne ettermiddagen og kvelden ble en festreise gjennom Oslo. Bortsett fra to episoder der enkelt personer ropte hatefult og kasta ting ut av vinduet i leiligheten sin så var det først og…

En kommentar om “Virus muterer heile tida. Men nå brukes dette velkjende fenomenet til fortsatt nedstengning.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s